Home sweet Home
Hei!
Beklagar så mykje for at det har vore lite blogging i det siste.. Har vore i Gausdal i helga skjønner dokke :) Gausdal er min andre heim, og når eg er der kjenner eg at skuldrane senkar
seg 10 hakk ned. Love the place <3 Ikkje noko kjekt å fare heim igjen til ein stressande kvardag, men denne gongen gjekk det greit sidan eg skal ned igjen om ei veke, for då er det vinterferie :D Gledar meg allereie! I helga har eg også sett på NM i Brass. Det foregår i Bergen. Skulle så gjerne ha vore med å spelt eller høyrt på! Ser ut som at det er veldig kjekt, også er det så mange flinke der! :)
No skal eg pakke ut den lille bagasjen eg har, før eg skal ta meg ein lang og varm dusj :) Legg ut nokre bilete frå idag, og eit bilete av mine nye favoritt ting! Du får kjøpt begge på vita. Kremen kostar 19 kr og lip balmen kostar 59 kr. Absolutt verd investeringa!
Lip balmen får du også i lukta skogsbær :) korleis har helga dykkar vore?



