Hei!
Er så sliten etter ein laaaang dag med speling og marsjering! Har holdt det gåande sidan 04.30 no.. YEY.. Men det var jo kjekt :)
Først hadde vi den tradisjonelle oppvåkningsrunda rundt om kring i Norddal, Eidsdal og Geiranger. Då stopper vi ved husa til div. korpsmedlemmar og spelar ein song for familien til den musikanten. Kjempe fin tradisjon sånn eigentleg! Berre synd det må skje så tidlig på morgånen.. Rundt 10.00 fekk vi frokost på Union Hotel i Geiranger. Det er alltid eit av høgdepunkta ved heile 17 mai, for maten er så god :) Etter frokosten var det litt bildetaking av eg og korpsjentene mine. Alle i bunad :) Skal prøve å få tak i fleire bilete til dykk, men eg tok ikkje nokon bilete sjølv. Ja, eg veit eg er skikkelig flink! Så bar det seg ned i sentrum av Geiranger for å spele i tog. Det er heilt forferdelig å spele "ompa ompa" notar opp gjennom bakkane i Geiranger.... Blir mykje fortare sliten. Baah. Men det gjekk jo bra i år som alle andre år! Når vi er ferdig å spele i Geiranger, marsjerer vi ned igjen til bussen, for så å kjøre tilbake til Norddal. Der spelar vi i tog og litt sånn. Har faktisk ein liten pause i Norddal etter at vi er ferdige med å spele. Det er super koslig, for då kan eg helse på dei goode søte venninnene mine som bur i Norddal :) Etter den eigentleg litt korte pausen, drar vi ut igjen til Eidsdal, for å spele i tog der også. Dette er siste post på programmet! Einaste som står igjen då er å spele fele.
Etter at eg har gjort frå meg all spelinga på både trombone og fele, går vi den årlige rebusen osv. I år var eg og Iselin (min kjære pendlarbuddy) eit super team! Oss fann den ultimate måten å finne svara på! Stein, saks, papir <3 hahahah! Neida, oss hadde faktisk ein del rett da! imponerande :)
Her fekk dykk eit lite innblikk i korleis 17 mai er for meg. Travelt, men kjekt. Akkurat no har eg tatt av meg bunaden og slengt på meg ein joggedress. Trur eg har fått ein blemme under foten.. Jaja. Eg skal i alle fall love dykk at det ikkje blir ein sein kveld på meg! Trøtt som fy! :)
Håper dykk har hatt ein strålande dag! Gratulerer med dagen alle sammen <3
Gammalt bilete av meg og Iselin! Haha
- Thea Marie